Ein lastebil og ei gravemaskin var måndag i fullt arbeid med å frakte opp og legge utover masse der den nye turvegen frå Gamleeidet til Vikeskaret skal gå. Ein turveg på i alt 2,2 kilometer, som skal sno seg oppover fjellsida, heilt til den når toppen på Vikeskaret, med ei fantastisk utsikt over Ulsteinvik og øyane.

– Det blir ein flott turveg over myra, som delvis følgjer skitraseen oppover, og får ei slakk og fin stigning til toppen av skaret. No kan ein snart gå relativt tørrskodd til topps, og det blir mogleg for endå fleire å gå på tur, forklarar kultursjef i Ulstein kommune, Leif Ringstad, til Vikebladet Vestposten.

Starta med innspel

Det er i samarbeid mellom Leif Ringstad og kommunen, og trimgruppa i IL Hødd, med Lindor Skeide i spissen, realiseringa av turvegen har blitt til. Det heile starta med innspel Ringstad fekk for nokre år tilbake.

– Det var eit par karar som kom til meg for mange år sidan med ein idé om ein slik turveg. Ein veg som også gjorde at ein kunne komme seg lengre opp med trakkemaskin. Snøen ligg mykje lenger opp i Vikeskaret enn den gjer nede med sjøen, og dette er eit område der det har vore særs populært å renne på ski. Den gongen var det eit spørsmål om korleis ein skulle få ein slik veg på plass, men i dag har vi både kunnskapane og teknologien som skal til, seier Ringstad og legg til:

– Vi har hausta erfaringar frå det vi har fått til frå Vikemarka opp til Gamleeidet, men også ute i Bugarden. Vi har fått mykje gode tilbakemeldingar frå publikum, som meiner vi har fått til flotte turvegar. Det har vore ein del turgåarar som har uttrykt ønskje om at vi også gjorde noko med denne råsa, og slik har det blitt.

Masse frå Arena-tomta

Vegen skal dei få på plass med masse frå utbygginga av Arena Ulstein i Ulsteinvik sentrum. Det blir mykje stein og masse som skal takast ut, og som ein får transportert opp på Gamleeidet og lage turveg av.

– Vi får gjort fleire ting på same tid, og redusert kostnadane. Det blir ikkje mykje betre enn det, seier Leif Ringstad.