Det er Joar Ødegård gjennom sitt firma Himmelhøgt som har filma videoen, som viser området på Lisjefjellet i Gursken, der flammane hadde herja. Han meldte ifrå til politiet at han kunne bistå med oversiktbilete, slik politiet, brannvesena og Sivilforsvaret kunne få ekstra god kontroll over situasjonen.

- Eg tok turen for å sjå. Som eks-blålysentusiast er ein jo nysgjerrig av natur. Eg kom frå eit droneoppdrag i Ålesund og hadde batterikapasitet. Så eg meldte meg til Ole Andre Nevstad Kragset i politiet og høyrde om han ville ha bistand i form av oversiktsbilete. Det satte både han og brannkorpset pris på, fortel Ødegård.

Brannsjef i Sande kommune, Kjell Martin Vikene, fortel at totalt over 50 personar har vore i sving sidan den første meldinga om brannen kom klokka 15.30 måndag ettermiddag. I skrivande stund var det framleis nokre mindre

- Vi var ute med vår eiga styrke, men kalla også til oss brannvesenet i Herøy, som sendte mannskap og bilar frå Myrvåg og Ytre Herøy. Det kom også ein tankbil og mannskap frå Hareid og Ulstein. Sivilforsvaret stilte også opp med tolv mann. Vi hadde også med oss 10-12 frivillige frå området. Dette var ein god innsats frå alle involverte.