Fleirtalet av innbyggjarane vil berre slå seg saman med ein av nabokommunane, går det fram av ei fersk spørjeundersøking Sentio har gjort blant innbyggjarane i dei sju kommunane, fortel Fjordingen.

Dei sju kommunane er Eid, Gloppen, Hornindal, Stryn, Bremanger, Vågsøy og Selje.

Eid mest positiv

Eid er den kommunen som er mest positiv til ein storkommune. Der svarar 46 av dei spurde at dei ser på dette som eit alternativ, medan 47 prosent er negative til ein slik kommunestruktur, skriv avisa.

Både i Eid, Hornindal, Stryn, Vågsøy og Selje er det fleirtal for å slå seg saman med ein nabokommune, medan eit knapt fleirtal av innbyggjarane i Gloppen helst vil halda fram åleine, går det fram av det avisene Fjordingen og Firda Tidend skriv.

Størst motstand i Bremanger

Bremanger er likevel den kommunen der motstanden mot kommunereforma er størst. Der ønskjer heile 74 prosent å halda fram som eigen kommune.

På spørsmål om kven innbyggjarane ønskjer at kommunen deira skal slå seg saman med, er det stor sett ein gjensidig kjærleik mellom to og to kommunar.

Hornindal og Stryn er førstevalet til kvarandre. Det same er tilfelle med Eid og Gloppen, Vågsøy og Selje.

Bremanger ønskjer som sagt helst å stå åleine. Skal dei først slå seg saman med nokon, meiner 29 prosent av dei spurde at det må bli Vågsøy.

Fleire av ordførarane i området seier at resultatet ikkje er overraskande. Før den endelege avgjerda om kommunestrukturen i juni neste år, blir det framover fleire informasjonsmøte. Ordførarane i Hornindal og Gloppen meiner også det bør haldast rådgjevande folkerøystingar om saka.

Nord om Breisundet: