På tenesta ”Kan du love” har politikarane i Hareid fått spørsmål om dei vil halde på dagens skulestruktur. Alle partia har svara, og halvparten har sagt ja.

Dette seier politikarane:

Nei - Annika Brandal (Venstre):

Hareid skal vere ein stad det er godt å vekse opp for born og unge. Vi vil sette eleven sine behov i fokus, difor blir innhaldet i skulen viktig for Venstre. Dersom det skal gjerast ei endring i skulestrukturen, må dette ha eit langsiktig perspektiv med god planlegging (min. 3-5 år). Venstre ynskjer at vi i den komande perioden skal lande framtidig skulestruktur, men vi har ikkje fasiten på kva det er pr. i dag.

Ja - Kristian Fuglseth (Folkelista):

Skular i alle krinsane er viktige for at borna skal vekse opp i nære og oversiktlege miljø som dei har eit forhold til. Denne tryggleiken er viktig både for meistring og danning, og gir kvalitet i skulen. Dei lærer meir både av kvarandre og av vaksne. Læringa skjer også på kveldstid og i helgane rundt nærskulen, som er ein viktig idretts- og kulturarena. Så får dei gå og sykle til og frå eit nærområde dei er kjende i. Viktig å røre meir på seg!

Ja - Marit Øien Sæverud (KrF):

KrF har programfesta at vi ønskjer at skulestrukturen ikkje skal endrast, og eg vil arbeide for at det ikkje vert lagt ned skular i komande kommunestyreperiode.

Nei - Anders Riise, (Høgre):

Hareid Høgre har gått til val på at ein ynskjer fokus på innhald, og kvalitet i Hareidskulane, kommunestyret har bestilt ein kvalitetsplan for skulane og når denne ligg på bordet kan kommunestyret gjere vedtak som kjem borna til nytte. Dersom økonomi og kvalitet i skulen blir betre ved færre skular er vi villige til å sjå på dette. Når det er sagt er det folketalsvekst i Hareid kommune og vi har definerte krinsar som til no har stått seg godt.

Nei - Stian Runne Brandal, (Hareid Arbeidarparti):

I gjeldande periode utgjer Hareid Ap 2 av 21 plassar i kommunestyret. Det kan vi ikkje love på vegner av kommunestyret, men vi kan love kva partiet vil arbeide for. Eg er skeptisk til å vere med på investeringa som det vil vere å bygge ut ein skule, for så å legge ned ein eller to. Eg er redd for at det kan bli for kostbart. I tillegg er så mange foreldre og lærarar nøgde med krinsskulane. Skal det ei endring til, må foreldre og lærarar ønske det.

Ja - Inga Ishild Hareide, (Hareid SV):

SV meiner det er svært viktig at skulestrukturen ligg fast. Foreldra kan ikkje til ei kvar tid bli utsett for den uvisse det ligg i at skolane står framfor ei nedlegging. For å få dette til ser vi det som nødvendig at kommunen har eigedomsskatt til kommunen er økonomisk på fote igjen. Det er ei dugnad, meiner vi, for å halde skolane i gang.

Nei - Truls Håbakk, (Framstegspartiet):

FrP gir ingen garanti for at skulestrukturen skal bevarast som i dag. Vi har dei siste åra sett at kommunen bl.a. må kutte i omsorg for å tilføre midlar til skulen, dette sjølv etter at EDS vart innført. For oss vil kvaliteten i skulen telje høgast. Kommunestyret har no bestilt ein kvalitetsplan for skulen, ein plan som også vil seie noko om korleis skule bør vere organisert i farmtida. Vi vil bruke denne planen når vi tenkjer skule for framtida.

Ja - Trond Røyset Gustavsen, (Partiet De Kristne):

Her er det berre to svaralternativ. Ingen kan love heilt sikkert, men Partiet De Kristne vil bevare krinsskulane, og vil med det forplikte seg til å stemme mot endring av skulestrukturen i komande periode. Vi set verdien av nærleik til skulen og oversiktlege lære og skulemiljø høgt.

Har du spørsmål til politikarane i Ulstein og Hareid? Still dei på Kan du love?