Omsider blir kyrkjetårnet til Ulstein kyrkje måla, og uret er skrudd ned for å blir reparert.

Kyrkjeverje Anders Myrene fortel at tårnet eigenleg skulle bli måla sist sommar. Då var vêret fint og dei var klare, men då fekk dei ikkje lov på grunn av omdirigeringa av trafikken i Ulsteinvik. Når dei måler kyrkjetårnet må dei til med stillas, og sperringane går ut i vegen, så då gjekk ikkje det. Men no er Sjøgata open og tårnet kunne målast.

Tidlegare i sommar vart tårnet skrapa, men det vart ein våt sommar, så dei kom ikkje igang med målinga. No har omsider tårnet tørka, og måndag gjekk eit firma igang med å måle tårnet. Firmaet kyrkjekontoret hadde gjort avtale med har gått konkurs i mellomtida, men dei har inngått avtale med eit anna firma.

Myrene reknar med at jobben er gjort i løpet av ei lita veke, om det ikkje regnar for mykje...

Vil reparere kyrkjeuret

Kyrkja fekk kyrkjeuret i gåva med Ulstein Sparebank i 1967. Det er fleire år sidan uret i kyrkjeklokka gjekk som det skulle gå. Kyrkjetårnet er utstyrt med fire urskiver, ei på kvar side, men ingen av urverka verkar som dei skal. No som tårnet blir måla er urskivene tekne ned, så skal ein elektrikar prøve å reparere urverka. I tillegg er det eit par visarar som må skiftast ut.

Myrene fortel at han også har pirka litt borti kyrkjeuret, han fekk det til å gå, men då gjekk uret for fort. – Minuttvisaren gjekk omtrent eit minutt i sekundet, så stoppa klokka igjen, fortel kyrkjeverja.

No er elektrikaren som vil prøve å reparere uret reist på ferie, så det er ikkje sikkert når det kjem opp i tårnet igjen. Om elektrikaren ikkje får uret til å gå som det skal er ikkje Myrene sikker på kva dei gjer.