Somme fjellstyre har i år talt færre ryper enn nokon gong før, slik som i Øyer i Oppland.

Andre stader er bestandane meir midt på treet, men framleis så låge at mange fjellstyre kjem til å redusere jakta ein del.

Éi årsak til bestandsnedgangen er truleg kollaps i smågnagarbestandane i Sør-Noreg, noko som fører til at rovdyra tar meir rype. Men den kalde og fuktige sommaren kan òg ha hatt sitt å seie, trur Torgeir Lande i Norges Fjellstyresamband.

Dei 94 fjellstyra i Noreg legg til rette for næring og friluftsliv i til saman 30 millionar dekar med statsallmenning i Sør- og Midt-Noreg og takserer kvart år rypeterrenga før småviltjakta. (©NPK)