Ulstein kommune vil kjøpe selskapet som driv bensinstasjon like ved det planlagte Arena Ulstein, i Bjørndalsvegen. Ulstein formannskap og Ulstein kommunestyre vedtok i vår at kommunen skal kjøpe aksjane i selskapet Bilservice AS i Ulsteinvik. Prosjektet vart godkjent med ei kostnadsramme på 12,5 millionar kroner for 2015 og 2,5 millionar i 2016. Prosjektet skal finansierast med midlar for frikjøp av parkeringsplassar.

Denne saka var unnateke offentleg innsyn, men er no frigjeve.

Vil rive bensinstasjonen

Assisterande rådmann Verner Larsen seier at kommunen kjøper tomta og tilliggande bygning. Men kommunen kjøper ikkje tomta for å drive bensinstasjonen. Planen er at bygget skal rivast for å frigjere området til parkeringsplassar. Kommunen vil ikkje nytte heile summen til tomtekjøp. Der ligg også ein del papirarbeid og honnorar.

Larsen fortel at oljeselskapet har ansvar for å fjerne pumper og liknande.

Det er førebels uvisst korleis dei vil utvikle området. Det kan vere aktuelt å la ein husbyggjar byggje leilegheiter der, så kan delar av bygget nyttast til parkeringsanlegg. Verner Larsen seier det er fleire moglegheiter.