Folk bør merke seg telefonnummeret 116117. Frå 1. september skal nummeret nyttast når det er behov for legehjelp utanom kontortid. 113 gjeld framleis viss det er akutt og står om liv.

Frå 1. september skal folk over heile landet som vil ha kontakt med legevakta ringe nummeret 116117. Dette nummeret skal brukast for å kome i kontakt med den legevaktsentalen som geografisk ligg nærast innringaren.

Testar ut

Karsten Melø, legevaktsjef for Hareid og Ulstein, opplyser at dei to kommunane, i samarbeid med legevakta i Volda, no gjennomfører testar med IP-telefonar, ulike mobiloperatørar og heimetelefonar frå ulike stader i kommunane. Dette for å vere sikre på at nummeret 116117 fungerer frå 1. september.

Etter at testane er gjennomført vil det bli skrive ein rapport frå Volda legevakt.

Tilråding frå EU

Det nasjonale legevaktnummeret 116117 er i tråd med tilrådingar frå EU og Helsedirektoratet.

– Ei velfungerande akuttmedisinsk kjede er avgjerande for at innbyggjarane skal få rask og kyndig hjelp når dei treng det, og den kommunale legevakttenesta er eitt av fleire berande element i akuttmedisin og augeblink-hjelp til innbyggjarane. Legevaktnummeret og legevaktsentalen er inngangsporten til denne tenesta. Ved akutte og livskritiske situasjonar skal befolkninga framleis ringe medisinsk naudhjelpsnummer 113, understrekar Melø.

Han forsikrar at brukarar skal kunne kjenne seg sikre på at tenestene fungerer når dei blir tatt i bruk, men presiserer at pasientane framleis skal ringe til lokalt legekontor når dei har behov for hjelp på dagtid.

Viktig hugseregel:

Når du treng helsehjelp skal du ring: fastlegane i vanleg opningstid.

Legevakt 116117 når fastlegen ikkje er tilgjengeleg, og hjelpa ikkje kan vente.

113 når det er akutt og står om liv.