I kveld er det premiere på den norske spelefilmen Bølgen på Sjøborg kino. Filmen er basert på scenariet om at Åkneset i Møre og Romsdal kan rase ut og rasere Geiranger og omkringliggande bygder.

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvaret for å overvåke dette fjellet.

– Me lever i eit land med mykje natur og moglege farar knytt til dette. Det er bra med merksemd rundt dei utfordringane dette gir oss, men det er samstundes viktig å få fram at dette er ein spelefilm og ikkje røyndom, uttaler direktør i NVE Per Sanderud.

Han legg til at scenariet i filmen er reelt, men det er ikkje realistisk at dette kan skje utan at NVE har varsla i god tid at befolkninga er evakuert.

– Åkneset er veldig godt overvaka og befolkninga kan kjenne seg trygge på at dei blir varsla i god tid dersom fjellet rasar, forsikrar han.

Sjøborg kulturhus og kino melder om snart tusen selde billettar til denne filmen. Det er tre framsyningar i kveld (fredag), to i morgon (laurdag, to sundag og to måndag. Filmen går kvar dag neste veke.