Representantar for ungdomspartia Unge Venstre, Senterungdommen, Unge Høgre, AUF, KrFU, FpU, Rød Ungdom og Sosialistisk Ungdom hadde samla seg til debatt på scena, inne på «Landskapet» på Ulstein vidaregåande skule torsdag.

Og det var Frp, eller i dette tilfellet FpU, som verkeleg måtte svare for seg i skuledebatten. Bjørn Knudsen frå Ålesund måtte gong på gong skyte inn replikkar, for å svare på det dei andre partia meiner er feil politikk utført av partiet som sit i regjering med Høgre.

Heit flyktningdebatt

Det første temaet debattleiar, rådmann Einar Vik Arset tok opp, var flyktningpolitikken.

FpU heldt, ikkje overraskande, på det moderpartiet har gitt signal om, mellom anna gjennom finansminister Siv Jensen, og som har ført til spørsmål kring ministeren si dobbeltrolle, i og med at ho også er partileiar.

– Det er betre å hjelpe fleire i nærområda, enn å ta inn berre 8.000 til Norge, sa Bjørn Knudsen i FpU.

Dette fekk samlege av dei andre paneldeltakarane til å komme med replikkar. KrFU, ved Tone Marit Dyrkolbotn, meinte at verda handla om meir enn navlebeskuande FrP-politikarar. Regjeringspartnar Høgre sitt ungdomsparti, ved Syver Hanken, meiner ein skal ta i mot dei 8.000, samstundes som ein skal hjelpe dei som er her.

Sosialistisk Ungdom, ved sentralstyremedlem Benjamin Notkevich, tora mot FpU, og meiner regjeringa er delt på midten, på ein særs uheldig måte.

– Høgre vil ta i mot, medan Frp går aktivt inn for å boikotte heile greia. Om ikkje dette er ei schizofren regjering, så veit ikkje eg.

Tilbod for unge og eldre

Ikkje overraskande var også tilbod til unge i kommunen eit tema. Dessverre, ville fleire seie etter debatten, gjekk denne diskusjonen raskt over i eit anna spørsmål, finansane til Ulstein kommune.

– Vi vil halde fram med å satse på Ulstein, og bygge nye bygg, sa Unge Høgre sin representant, Syver Hanken.

– Vi bør heller styrke tenestene og tilboda som allereie finnast. Dette framfor å bygge endå meir, og påføre kommunen endå meir lånegjeld, svara Unge Venstre, ved Markus René Nygård.

Når det gjaldt eldreomsorga ønskte dei fleste ei aktiv eldreomsorg. Høgre fortalde at dei har bygd fleire omsorgsbustader enn nokosinne før under si regjeringstid, og Venstre oppmoda kommunen til å sjå på grunnbemanninga i helsesektoren, og styrkje denne.

Ueinige kring oljen

Eit anna viktig tema er klima og miljø. Her blei mykje av fokuset dreia mot det grøne skiftet, og korleis ein bør fase ut oljen.

– Vi meiner ein bør fase ut oljen gradvis, og finne andre profitable, miljøvenlege næringar, sa Miljøpartiet De Grønne sin ungdomsrepresentant, Silje Balseth.

– Vi treng oljen, og dei arbeidsplassane den gir, sa Unge Høgre ved Syver Hanken, til jubel frå FpU.

Debatten ebba ut med oppsummerande innlegg. Alt i alt var det ein god debatt, og ikkje minst ein heit debatt. Elevane fekk etter debatten møte politikarane på stands i atriet. Då står att det å seie, godt val!