I ei tilråding til Hareid formannskap sitt møte mandag 31. august frårår rådmannen å slutte seg til eit forslag frå Utdanningsdirektoratet om å innføre like nasjonale tilskot til dei private barnehagane. Rådmannen meiner at faste nasjonale satsar vil påføre kommunane auka utgifter til dei private barnehagane og dermed svekke dei kommunale.

Rådmannen meiner også at ei tilskotsordning basert på nasjonale satsar vil bryte med prinsippet bak rammefinansiering og vil redusere kommunane sine vilkår for lokalt sjølvstyre, vilkår for å kunne prioritere og for å drive barnehagane sine.- Prinsippet for lokalt sjølvstyre må også gjelde for barnehagesektoren, skriv rådmannen. - Hareid kommune driv sine barnehagar kostnadseffektivt og vil derfor kunne få auka kostnader ved val av nasjonal sats. I kommunar med dårleg økonomi vil derfor dei private barnehagane få betre økonomiske vilkår enn dei kommunale barnehagane, heiter det.

Vil ha forenkling

Når så er sagt, meiner rådmannen at det er behov for ein forenkla modell for utrekning av tilskot til private barnehagar. Han viser til at administrasjonen i kommunen nyttar store ressursar til denne utrekninga.

I Hareid har det så å seie vore årleg usemje om kva tilskot Hareid kommune skal gi til den private Gnist-barnehagen på Holstad. Hareid støttar seg med dette på ein uttale som er utarbeidd av nokre kommunar i banehagenettverket Sjustjerna (Ørsta, Volda, Herøy og Hareid). Denne uttalen er i samsvar med KS sitt høyringssvar.