– Det blir ein tette haust med mykje som skjer. Det viktigaste er no allereie 7. september, då vi arrangerer ein fagdag, eller fagsamling, om interkulturell kommunikasjon og kulturforståing, fortel Camilla Storøy. Ho er prosjektleiar for Bulystprosjektet i Ulstein og Herøy.

Prosjektet går no inn i sin siste fase, men Storøy fortel at det blir ei intensiv periode denne siste hausten. – Vi hadde ein liknande dag i fjor, med same føredragshaldar frå Senter for Interkulturell Kommunikasjon i Stavanger. Det er ei samling i Fosnavåg, men eg håpar at mange frå Ulsteinvik kan ta turen. Det er ei samling både for folk som jobbar i kommunane, frå næringslivet og gjerne også folk frå frivillige lag og organisasjonar.

Bør vere aktuelt

Storøy slår fast at ein møter dei forskjellige kulturane på mange forskjellige arenaer, og at fagsamlinga derfor bør vere aktuell for mange.

– Same kvelden skal vi ha ei open samling, som nok vil handle mest om det å vere ny i Norge, men det kan vere interessant for oss nordmenn å få med seg. Det skjer mykje i samband med Bulystprosjektet den komande tida, og 8. september vert det arrangert to samlingar i Ulsteinvik.

– Vi skal ha ein fagdag for barnevern og helsestasjon, som er spesielt tilrettelagt for dei. Det blir heile dagen på Sjøborg. Deretter skal vi same kvelden ha ei open samling på Sjøborg om det å forstå barnevernet vårt, sett med innvandrarauge.

Det kan vere litt skummelt?

– Ja, veldig. Det har vore mykje styr i austeuropeiske medium om det farlege barnevernet i Norge. Det har mykje useriøse artiklar i utanlandske medium som har gått over fleire år. Det er noko vi merkar godt og at det med barnevern har vore vanskeleg å forstå.

Storøy fortel at ein derfor får besøk av ein forskar frå Norsk institutt for by- og regionforsking. Han har skrive ei avhandling om norsk barnevern sett med austeuropeiske auge.

– Han blir der både på dagsamlinga og på den opne samlinga om kvelden, saman med barnevernsleiaren i Herøy og Ulstein. Vi håpar at han gjennom sitt føredrag skal kunne opne opp til dialog i etterkant, fortel prosjektleiaren.

Ho fortel at det også blir arrangert frukostsamlingar i løpet av hausten, mellom anna om korleis offentlege tenester blir lagt til rette for innvandrarar.

– Det kjem også ein psykolog frå Molde, som er svært dyktig på å legge fram statistikk. Mellom anna om korleis ein tenkjer i til dømes Litauen eller Polen, og korleis det krasjar med vår måte å tenkje på.

Storøy trur det kan vere ei samling som kan vere spesielt interessant for private verksemder.

– Målet med prosjektet har vore at vi skulle kunne auke forståinga og betre kunnskapen vår, og då håper eg at desse siste samlingane våre skal kunne trekkje ein del folk, slik at endå fleire kan få del i denne kunnskapen.

Storøy fortel at alle samlingane er gratis for deltakarane, men at dei må ha påmelding. Bulystprosjektet skal vare ut 2015, og mot slutten skal prosjektet samanfattast gjennom rapportar.

– Der har vi nokre malar frå departementet, og vi kjem til å skrive ein del om dei erfaringane vi har gjort oss. Kva har gått bra, eller ikkje så bra. Eit av måla har vore at vi skal kunne gje nokre konkrete råd om korleis andre kan gjere ting betre.