I dag laurdag blir det to nye framføringar, også dei for fulle hus.

Det enkle scenebildet bedrog: Stykket var nemleg uhyre gjennomarbeidt. Her har det vore brukt timar både på manusutforming, innøving og tileigning av rekvisita. Det vart sagt etterpå at dei første ideane til teaterstykket vart unnfanga for ti år sidan!

Og no vart dei realiserte som ein del av Brandalsdagane 2015.

Brei omtale av stykket i papiravisa tysdag.

Ungkaren Ole (Dag Audun Eliassen) smugtittar på isbadande brandalskvinner.