Gjennom tenesta ”Kan du love?” får du høve til å stille dine spørsmål til lokalpolitikarane før kommune- og fylkestingsvalet.

Eit av spørsmåla til politikarane i Ulstein er; Kan du love å ikkje innføre eigedomsskatt?

Sju av dei åtte toppkandidatane i Ulstein har svara på spørsmålet, men berre Venstre lovar å seie nei til eigedomsskatt.

Kristine Røren (De kristne): Vi er imot eigedomsskatt, men ser at det kanskje går mot slik innføring på grunn av dei store investeringane som er gjort. Det finst andre ting som må prøvast først, men det kan ikkje gå ut over andre lovpålagde oppgåver som helse, oppvekst og omsorg!

Pål Grødahl (Venstre): Ja. Venstre er uroa for den økonomiske stoda i kommunen. Det er politikarane og administrasjonen som må ta ansvar for gjelda og ikkje skyve dette ansvaret over på innbyggjarane. Med ei skattereform som kan gje kommunen auka inntekter i form av selskapsskatt, eit fond på 36 mill. som veks, ein kommune som går i balanse eller med eit lite overskot, ein kommune der det kan vere rom for å drive 22 mill. meir effektivt. Eigedomsskatt er ikkje svaret.

Morten Feiring (SV): Eg meiner at det viktigaste framover er å sikre at alle folk som bur i Ulstein kommune får gode tenester til å dekke sine behov ut ifrå kor ein står i livet – i barnehage, skule, helse, eldreomsorg, psykiatri, barnevern m.v. Dette vil vere mitt sterkaste fokus. Gode tenester har ein kostnad som må finansierast. Eigedomsskatt er ein inntekt som kommunen sjølv rår over og styrar. Den må kunne takast i bruk til beste for fellesskapet.

Knut Erik Engh (Frp): Vi kan dessverre ikkje love det. Den høge gjelda som kommunen no har pådrege seg, og driftskostnadane som kjem som følgje av Arena Ulstein tilseier at vi ikkje kjem utanom. Frp gjekk imot Arena Ulstein slik at vi skulle unngå problemet. Men vi lovar å jobbe for at eigedomsskatten skal verte so låg som råd, og at det skal stillast klare krav til korleis ein slik skatt skal forvaltast slik at den kan fjernast på sikt og ikkje vert ei sovepute.

Heidi Strand (Høgre): Vi ynskjer ikkje eigedomsskatt, men vil vere ærlege på at dette kan tvinge seg fram for å unngå store kutt i tenestetilbodet for kommunen sine innbyggjarar. Vi vil ikkje ha eigedomsskatt på verk og bruk! Vi ynskjer å halde oppe kvaliteten i skule og omsorg så langt som råd.

Lisa Mari Breivik Anderson (SP): Vi ønsker ikkje eigedomsskatt, men om det vert einaste utveg, vert det nok innført. For oss er det ikkje eit alternativ å kutte i tenestetilbodet eller auke brukarbetalingane. Og gjelda vår er, som alle veit, skyhøg. Så eg vil ikkje love å ikkje innføre eigedomsskatt. Det eg derimot kan love er at eg vil gjere mitt for å bremse investeringane og ikkje påføre kommunen meir gjeld enn nødvendig. Vi går spennande tider i møte.

Magne Grimstad (AP): I valet mellom kutt i tenestetilbodet og eigedomsskatt, vil eg gå inn for sistnemnde.

KRF har ikkje svart på dette spørsmålet.

Still dine spørsmål til politikarane gjennom ”Kan du love?”