– Det er ikkje dei friske som treng lege, det er dei sjuke, seier Jesus. Men skal ein parkere ved Ulstein legesenter er det mest slik at ein må vere frisk for å kome seg til doktor, hevdar Edmund Heimland frå Ulsteinvik.

Han syner til at det berre er fire vanlege parkeringsplassar og ein plass for handikapp-parkering tilgjengeleg ved inngangen til legesenteret. Desse er ofte opptekne og då vert ein vist til å parkere på parkeringsplassen på nedsida av bygget, mot Sjøgata.

– Må vere inspirert av Lilleputthammer

– Der er det mange parkeringsplassar, men det ser diverre ut til at det er Lilleputthammer som har vore modell, for det er veldig trangt. Det er bortimot håplaust folk med krykker å kome seg ut av bilen, for ikkje å snakke om dersom dei må hente rullatoren i bagasjerommet. Eg er ikkje spesielt vondsinna av meg, men eg har av og til ynskt at dei som har planlagt dette burde fått kjenne på kroppen korleis det er å kome seg ut av ein bil på ein trang parkeringsplass når ein er dårleg til beins, seier Heimland.

Fekk skadd bilen

Heimland seier også at dei trange parkeringsplassane aukar risikoen for at ein støyter bort i andre bilar.

– To gonger har eg fått bilen min påkøyrd medan eg har stått parkert der, og det utan at vedkomande som har køyrt på meg har gitt seg til kjenne, fortel han. Ifølgje Heimland er kostnadane ved dei to påkøyrslane takserte til 14.000 og 19.000 kroner.

– Så der har eg ikkje lyst til å parkere, slår han fast.

Kunne ha flytta vegen

Han tykkjer Ulsteinvik sentrum har blitt veldig fint , men peiker likevel på at ting kunne ha vore gjort annleid. Mellom anna meiner han at vegstubben som går frå rundkøyringa ved Amfi, forbi legesenteret og ned til rundkøyringa ved Saunes kunne ha vore lagt nærare Sauneselva.

– Ved å mure opp langs elva kunne ein ha fått flytta vegen heilt bort til vassdraget. Då hadde ein frigjort areal til masse parkeringsplassar mellom vegen og legesenteret, seier Heimland.Odd Kåre Wiik, avdelingsleiar for drift og anlegg ved teknisk etat i Ulstein kommune forstår at enkelte kan oppleve tilkomsten til legesenteret som vanskeleg.

– Men slik parkeringstilhøva var tidlegare, der folk parkerte ulovleg langs vegen mot elva, slik vil vi ikkje ha det, understrekar Wiik. Det er regulert inn i alt fem vanlege parkeringsplassar framfor legesenteret, men ein av desse er tatt bort for å lette tilkomsten for ambulansen.Han syner til at dei som vitjar legesenteret må nytte seg av parkeringsplassane ned mot Sjøgata.

Parkeringsplassar med standardmål

– Fire av desse parkeringsplassane dessutan litt større enn dei andre, seier Wiik. Resten av plassane er merka opp etter standardmåla 2,5 meter breidde, 5 meters djupne og eit utkøyringsfelt mellom radene på seks meter.

Avdelingsleiaren har lita tru på at det kan verte aktuelt å flytte vegen nærare Sauneselva slik Heimland foreslår.

– Det er brukt mykje ressursar på å opparbeide dette området, så dette innspelet er det nok litt seint å ta omsyn til, sjølv om ein i ettertid ser at ting kanskje kunne ha blitt gjort annleis, seier han.

Planar om 30 plassar

Det kan likevel sjå ut til at det kan vere ei lita lysning i enden av tunnelen.

– Det er regulert inn 30 parkeringsplassar på baksida av legesenteret, så planane ligg der. Men først må det løyvast pengar til å setje dette i gang, seier Wiik.

I mellomtida oppmodar han alle som skal parkere i Ulsteinvik sentrum til å gjere dette på ein disiplinert og omsynsfull måte.