Hareid kommune har i fleire år hatt eit lågterskeltilbod til dei som slit med psykiske sjukdomar. Dette har vore eit aktivitetstilbod som har vore ope på dagtid for alle som føler dei har hatt behov for ein stad å møtast  og ha eit felleskap kring enkle aktivitar. Det har  gitt støtte til mange for å kome seg vidare gjennom samtalar med fagfolk og menneske som er i ein liknande situasjon. Dette dagtilbodet for psykisk sjuke starta først i eit lite eldre hus  ved sjukeheimen som  vart ombygt til formålet, seinare vart det flytt inn i omsorgsenteret.

- Nærast tilfeldig gjennom reaksjonar på eit avisoppslag i Vikebladet/Vestposten med   Jeyuran Vijayaratnam(Laksan) som er Venstre sin 4. kandidat til kommunestyrevalet ,  har vi vorte gjort kjende med at dette opne lågterskeltilbodet er  lagt ned. Og ved spørsmål til kommunalsjef Berit Aasen har vi fått opplyst at lågterskeltilbodet er  erstatta av Felleskapet Aktivitetssenter der folk må søkje om å få kome til.     Dei som ønskjer  å kome dit må ha fått ei fagleg vurdering som blir lagt til grunn for om dei får plass.

Ikkje til politisk handsaming

- Vi er også gjort kjende med at nedlegginga av det opne lågterskeltilbodet ikkje har vore oppe til handsaming i noko politisk organ og at det heller ikkje har vore orientert om nedlegginga verken i Levekårsutvalet, formannskapet eller kommunestyret. Det var i si tid eit stort politisk trykk for å opprette eit lågterskeltilbod for psykisk sjuke i Hareid, skriv Brandal og Vijayraratnam.

Dei vil ha svar på om ordføraren er orientert om endringa som administrasjonen har gjort når det gjeld aktivitetstilbod for psykisk sjuke i Hareid?

- Meiner ordføraren  at det er akseptabelt at lågterskeltilbodet er lagt ned ?

Og meiner ordføraren at det er akseptabelt at administrasjonen tar vekk slike tilbod utan politisk handsaming eller i alle fall ei god orientering slik at politikarane i Hareid kan vere orienterte og eventuelt stille spørsmål?

Vil ordføraren ta initiativ til at det blir gitt ei orientering/lagt fram ei sak om dette i politiske organ?, er spørsmåla han må svare på komande tordag i kommunestyret.