- Nei, det er ikkje akkurat kvar dag dette skjer. Tårnet er eit Modul Handling System, som skal ferdigstillast i Hjørungavåg utover hausten, fortel prosjektleiar i Rolls-Royce, Ronny Uren.

Uren og fleire andre stod på Hareid Godsterminal og følgde spent med på dei som stod oppe på tårnet og festa stroppene.

Tårnet er sett saman i Spania, og frakta til Noreg med frakteskip. Måndag var MS "Uglen", eit havgåande fartøy med ei kjempekran om bord, på Hareid for å løfte med seg det 270 tonn tunge tårnet til Hjørungavåg. Det er ein lang, men svært nøyaktig prosess med å få tårnet av lasteskipet, med "Uglen" til Hjørungavåg, og av på kaia til Rolls-Royce.

- Til ein slik jobb treng ein ei god kran, og denne er den beste i Noreg, både når det gjeld kva vekt den kan løfte, og rekkevidden.

Når tårnet er ferdig utrusta hjå Rolls-Royce i Hjørungavåg skal det vidare til Myklebust Verft i Gursken. Det Kleven-eigde verftet står for ombygginga av oljeserviceskipet Aker Wayfarer, og skal montere på tårnet som ein del av denne prosessen.