Ein statslaus mann, busett i Ulsteinvik, fekk 28. august i år ein alvorleg dom i Sunnmøre tingrett.

Bakgrunnen for dommen er at han ein laurdagskveld i januar i år oppsøkte ein utestad i Ulsteinvik. Han vart berusa, sa mykje ufint opp i andletet på ein kvinneleg gjest.

Vaktansvarleg ved utestaden vart henta, og då vakta skulle prøve å vise han ut, varsla han vakta om at han hadde kniv, og skulle drepe han.

Truslane gjorde at politiet vart tilkalla, men mannen var framleis aggressiv. Politiet måtte geleide han ut, og på veg ut trua han vakta fleire gonger. Komne utanfor lokalet pålag politiet gjerningsmannen å forlate staden. Han nekta, og sa at han ville kome seg tilbake til utestaden for å drikke og danse.

- Eg må arresterast visst eg ikkje skal kome tilbake, sa mannen.

Truga med å drepe barnet hans

Denne utsegna gjorde at politiet sette handhjern på mannen og køyrde han til lensmannskontoret, der han vart sett i arrest ein kort periode før han vart køyrd heim.

Ved to høve, med fire månaders mellomrom, har mannen kome med drapstruslar til den same dørvakta. Den siste gongen sa han også at han ville drepe barnet til vedkomande

Mannen har i tilegg ved to høve, i desember 2014 og i januar 2015, køyrt bil i alkoholpåverka tilstand. Den eine gongen var alkoholkonsentrasjonen i blodet på 2,23 promille. Han har heller ikkje gyldig førarkort.

Tidlegare sona 75 dagars fengsel

I ein dom frå september 2013 vart gjerningsmannen dømt til 75 dagars fengsel for balnt anna forsøk på seksuell handling med nokon som ikkje samtykte til det, pluss lekamsfornærming. Dommen vart sona i 2014. Han er også to gonger tidlegare bøtelagd for køyring utan gyldig førarkort.

Med i dommen er også ei bot på 10.000 kroner til statskassa, og sperrefrist for førarrett i ein periode på fire år.