Ei gruppe journaliststudentar frå Høgskulen i Volda vil arrangere folkemøte førstkomande måndag. Møtet blir i andreetasjen på Blåhuset.

Dei har invitert listetoppane frå alle partia som stiller til val i Ulstein kommune. No håpar dei å sjå felst mogleg innbyggjarar også.

- Me håpar folk stiller opp og slår eit slag for lokaldemokratiet, seier Brage Oppedal Berglund, som skal vere debattleiar i lag med ein annan student. Han fortel at det blir høve til folk å stille spørsmål til politikarane og kome med innspel.

Små filmsnuttar

Før folkemøtet vil studentane vere ein del i Ulsteinvik og intervjue folk på gata om kva dei meiner. Desse filmsnuttane vil dei syne torsdagen.

Heile folkemøtet blir filma og streama på nettet. Tema for møtet er naturleg nok ein del om økonomi. Kva investeringar er det Ulstein kommune må gjere framover? Og korleis skal dei få investert dei? Journalistane kjenner til at Ulstein kommune har opparbeidd seg ei høg lånegjeld. Blir det ny kyrkje? Eigedomsskatt? Magne Grimstad jr. har ytra at kommunen bør få ein ny brannstasjon, kva meiner dei andre?

Journaliststudentane har tilsvarande folkemøte i Vanylven, Ørsta og Volda også.