Laurdag 5. september skal det vere folkemøte i Hareid kommune om kommunereforma. Der skal Bjørn Sandnes, ordførar i Haram kommune, halde eit innlegg. Deretter skal Per Gunnar Stensvaag halde eit motinnlegg. Stensvaag har for tida permisjon frå jobben sin som flygar for å reise rundt og halde føredrag om kommunereforma, som han er sterkt kritisk til.

Det blir også eit panel med alle ordførarkandidatane til kommunevalet i Hareid. Odd Kristian Dale skal vere debattleiar.

Det er tenkt at møtet skal vere i parken, men om det regnar for gale blir møtet flytta innandørs til Hareid skule.