151 personar var ved utgangen av august heilt utan arbeid i Ulstein, syner tal frå Nav. Dette er 68 fleire enn på samme tid i fjor.

- Vi er no inne i ei utfordrande tid der arbeidsløysa stig raskt samtidig som delar av næringane i Møre og Romsdal har store utfordingar med å fylle ordrebøkene.  Det gjer at vi ventar at arbeidsløysa vil fortsetje å stige utover hausten, seier fylkesdirektør i Nav, Stein Veland.

Han peikar på at situasjonen ikkje er heilsvart, ettersom dei ser at det framleis er mogleg å finna seg arbeid.

- I  juli var det over 1300 som hadde vore ledige under 4 veker her i fylket, medan det i august er 700 som har vore ledige frå 4 til 7 veker. Det betyr at nesten halvparten som blei ledige i førre månad no er tilbake i jobb. Det syner også at det framleis er ein marknad som treng arbeidskraft, seier fylkesdirektør Stein Veland.

I følgje Nav har det i Møre og Romsdal vore ein auke i arbeidsløysa for alle aldersgrupper, med unntak av dei under 19 år.  Størst prosentvis auke er det mellom dei som er over 60 år, der har arbeidsløysa auka med 68 prosent det siste året.

Det er innan ingeniør- og ikt-fag at vi finn den største auken i talet på ledige. Innanfor denne yrkesgruppa er det over dobbelt så mange ledige som for eitt år sidan.

Men i følgje Nav er det auke i arbeidsløysa innan dei fleste yrkesgruppene her i fylket. Unntaket er innan kategorien «serviceyrker og anna arbeid», men også innan «barne og ungdomsarbeid», «Helse, pleie og omsorg» og «undervisning» har det vore lita auke det siste året. Klart størst auke i prosent har vi blant dei som har yrkesbakrunn innan ingeniør- og ikt-fag. Denne yrkesgruppa har over dobbelt så mange ledige nå som for eit år sidan.

Når det gjeld talet på ledige på søre Sunnmøre er det Sande som har den største arbeidsløyseprosenten i høve til arbeidsstokken, med 4,2 prosent ledige. Dette utgjer i alt 59 personar og er 27 fleire enn for eitt år sidan. Hareid har ei arbeidsløyse på 4,1 prosent. Dette tilsvarar 111 personar, ein auke på 26 personar i høve til i fjor. I Herøy er det i alt 173 leidige, 3,7 prosent av arbeidsstokken. Dette er ein auke på 45 sidan i fjor, men ein nedgang på sju den siste månaden. Ulstein har ved utgangen av august ei arbeidsløyse på 3,4 prosent. 151 er ledige i Usltein, ein auke på 68 personar det siste året og 10 fleire enn i førre månad.

Vanylven har 50 ledige, 21 fleire enn i fjor. Dette utgjer 3,1 prosent av arbeidsstokken.

Tek vi turen innom fjorden ser vi at både Volda og Ørsta har lågare arbeidsløyse enn kommunane i ytre strok. I Volda er arbeidsløysa på 2,0 prosent. Talet på ledige har auka med berre fire personar, frå 89 til 93, i løpet av året. I Ørsta er det 138 ledige, noko som utgjer 2,5 prosent av arbeidsstokken. Talet på ledige har uka med 17 sidan august i fjor.

I Møre og Romsdal er arbeidsløysa no på 2,9 prosent, medan det på landsplan er 3,1 prosent av arbeidsstokken som er heilt utan arbeid.