Marianne Breivik i Ulstein Arbeidarparti reagerer på svarer til Pål Grødahl, listetopp for Ulstein Venstre, sitt svar under Vikebladet Vestposten si utspørjing av han som ordførarkandidat.

Ho er samd med Grødahl i at det har vore ein del rot og ein ikkje øsnkjeleg situasjon rundt skjenkekontrollane i kommunen. Men no er skjenkekontrollane oppe og går.

Ho viser til at eit samla og tverrpolitisk Levekårsutval har vore opptatt av og samde om at dette er viktig. Leiaren i utvalet (Eldar Knotten i Venstre) har saman med administrasjonen løyst dette på vegner av oss alle.

- Eg synest difor det er uheldig slik Venstre framstiller det, at dette kan dei løyse, ei sak som er tverrpolitisk løyst slik me har fått kjennskap til. Vidare reagerer eg på at ein folkevald "snakkar ned" administrasjonen når han seier at dette har dei ikkje klart å løyse, seier Breivik og minner om at dei som folkevalde har arbeidsgjevaransvar og ikkje bør "snakke ned" sine tilsette.

Heilt til slutt legg ho til at ho reagerer på at ein ordførarkandidat som heile tida er så opptatt av å plassere skuld og ansvar på andre parti for vedtak som handlar om investeringar i Ulstein, samstundes gang på gang vil "ta æra" sjølv når det gjeld saker som dei har vore samde om og jobba fram i lag.