Av- og pålossing av bilar skal skje i stor fart. Torsdag klokka 15.00 gjekk det nok i raskaste laget for ferjemannskapet om bord i Ullensvang. 20-25 bilar var plasserte under dekk, og skulle køyre i land i Sulesund. Men slik gjekk det ikkje i første omgang.

- Vi sat i bilane og venta på å bli kommanderte til å køyre på land. Men brått forstod vi at ferja hadde lagt frå kai i retning Hareid, med oss om bord, fortel Joar Ødegård, ein av sjåførane under dekke.

Ødegård fortel at 5-6 mann la på sprang opp gjennom trappene, og fekk varsla ferjemannskapet om at der var bilar under dekk.

Det enda med at ferja måtte legge til kai att på Sulesund, dirigere på land nokre av bilane som sperra for lemmen til underdekket, og sleppe dei 20-25 bilane nede i "bunkersen" ut i det fri.

- Dette må vel kallast ei litt artig blemme av mannskapet på Ullensvang, kommentrer Joar Ødegård.

Han verka å ta episoden med humør.