Mange abonnentar i området Ulsteinvik, Sauens og Dimna har torsdag og fredag morgon hatt problem med straumtilførselen. For om lag 75 abonnentar er straumen heilt vekke, og andre stader har han fleire gonger gått i små blink. Dette har skapt problem for blant anna datamaskinar.

På Mørenett si heimeside står det klokka 10.35 av feilen er funnen.

Ved Mørenett sin driftssentral opplyser dei at feil torsdag var svikt i ein kabel i Hasundstranda. Dette gjorde at abonnentane i Hasundstranda var utan straum i eit par timar torsdag, medan straumen andre stader var borte i små glimt.

I dag, fredag, har det oppstått ein brytarfeil.

- Kanskje fordi belastninga vart for stor i går, forklarer dei ved driftssentralen til Mørenett.

Brytarfeilen skal no vere retta.