Medan Ulstein formannskap tidlegare denne veka vedtok at dei ikkje vil opne for at butikkane og Vinmonopolet kan selje alkohol valdagen, finn ikkje Hareid kommune det naudsynt å ta dette opp til politisk handsaming.

Den 1. januar 2015 vart det innført ny Alkohollov i Noreg, det er det blir opna for sal av alkohol valdagen. Tidlegare er det berre skjenkestadene som har hatt lov til å selje alkohol denne spesielle dagen.

Hareidsordførar Anders Riise svarer Vikebladet Vestposten at han har sjekka med administrasjonen. Det lokale lovverket er ikkje til hinder for at butikkane kan selje øl på valdagen, så då gjeld dei nasjonale reglane.

Ved neste rullering av ruspolitisk handlingsplan i Ulstein, skal politikarane avgjere kva dei vil tillate ved seinare val.