Bilferja "Ullensvang" på strekninga Hareid-Sulesund vart torsdag kveld tatt ut av drift og sendt til reparasjon på Fiskerstrand Verft.

Sidan er det berre 120 bilars-ferja ""Tidefjord" og 75 bilars-ferja "Høgsfjord" som har trafikkert sambandet.

Dei klarer ikkje å ta unna biltrafikken.

- Fredag har det vore attståande bilar både om morgonen, ved lunsjtider og i ettermiddag, opplyser ordførar Anders Riise.

Klokka 16.30 blir det meldt om svært mange attståande bilar, og nærast kaotiske tilstandar ved Hareid ferjekai.

- Reserveferja "Høgsfjord" tek berre 75 bilar, og det er ikkje godt nok. Vi må ha to ferjer som tek 120 bilar kvar, kommenterer ordføraren i Hareid.

Riise meiner at det no har vore så mange dagar med driftsstans på ferjemateriellet at ferjeselskapet har brukt opp kvota si.

- No krev vi at det blir sett inn skikkeleg og teneleg ferjemateriell, seier Anders Riise.