Rundt klokka 20.55 fredag kveld kom det eit svært kraftig regnskyll over Hareidseidet. Ei kvinne som kom køyrande frå Ulsteinvik i retning mot Hareid fekk vassplaning, og køyrde av vegen like ved innkøringa til Saunesmarka.

Både politi og ambulanse kom til åstaden, og kvinna vart køyrd til legevakta for nærare undersøking.

Ein journalist i Vikebladet Vestposten var første person til ulykkesstaden, og fekk berga kvinna ut av bilen, og i ly for regnet.

- Ho verkar ikkje å vere alvorleg skadd, uttaler han til vikebladet.no.

Kvinna var åleine i bilen.