Sunnmøre politidistrikt melder om gjentakande problem med mopedar utan lys i Fosnavåg. Mopedane er også i generelt dårleg stand.

Dei oppmodar folk som ser slike mopedar om å notere ned registreringsnummeret og ringje politiet.

Oppmoding til foreldre

Sunnmøre politidistrik oppmodar foreldre til ungdom med moped eller lettsykkel om å ta ein kvalitetssjekk. Politiet registrerer no etter skulestart at den tekniske standen på mange av forkostane ikkje held mål. Dei vil difor at foreldre og føresette skal sjå etter korleis det står til med køretøyet. Dette for å sikre at det blir trygt for både borna som køyrer og for andre som ferdast i trafikken.

Legg turen om ein verkstad om du ikkje kan hjelpe dei unge sjølv med å skifte lyspærer og for øvrig sette den i teknisk god stand. Sei klart frå at doningen må stå heime og ikkje skal brukast i dag om den ikkje er i orden. Den bør bli ståande til alt er slik det skal vere.