Middeltemperaturen for august 2015 på søre Sunnmøre var opp til 2,5 grader over normalen.

Det viser tal frå Meteorologisk Institutt sine tre vêrstasjonar på søre Sunnmøre.

Av målestasjonane Ørsta/Volda Lufthamn, Fiskåbygd og Svinøya var det Ørsta/Volda Lufthamn som hadde den høgaste middeltemperaturen: + 15,3 grader. Normalen er + 12,8 grader. Denne stasjonen hadde også høgast maksimumstemperatur: + 28,0 grader den 19. august.

På Svinøya var middeltemperaturen for august + 15,1 grader, mot normalt + 12,7, altså 2,4 grader over normalen. 20. august hadde den høgaste temperaturen med + 22,2 grader.

I Fiskåbygd var middeltemperaturen for august + 14,9 (1,8 grader over normalen).

Vigra har hatt kluss med målingane i august og har ikkje oppgitt middeltemperaturtal.

Etter ei kald og sur innleiing på sommaren vart det ei strålande avslutning.