Arbeidarpartiet la 20. august fram ein omfattande tiltakspakke for å dempe verknadene av fallet i oljeprisane, og legge grunnlaget for omstilling og ny vekst i næringslivet. Pakken er prisa til 2,5 milliardar kroner i kortsiktige tiltak, og titals milliardar kroner til ulike utviklingsfond med verknad på lang sikt. Pakken vil vere ein del av Arbeidarpartiet sitt alternative statsbudsjett til hausten.

– Sist vi hadde ein konjunkturnedgang sette regjeringa inn opplæringstiltak. No må regjeringa på bana igjen. Eg har veldig tru på at vi må gi ny kunnskap og ny læring til dei tilsette. Og aller best vil det vere om denne opplæringa blir gjort i bedriftene, kommenterer Magne Grimstad.

Han understrekar at det blir viktig at regjeringa set inn gode tiltak for næringa, og Grimstad viser til Maritimt Forum Nordvest som har meldt inn gode tiltak til politikarane.

Nye ferjer

– Eg er overtydd om at tida no er komen for konkrete tiltak. Vi bør blant anna satse på å byggje nye og moderne ferjer. Dagens ferjemateriell er har ein standard som gjer dei overmodne for utskifting. Nye kontraktar vil gi norske verft kjærkome arbeid.

I verktøykassa til Arbeidarpartiet er blant anna at det skal bli enklare å få støtte til bedriftsintern opplæring, og dei foreslår å auke opplæringsperioden frå 13 til 36 veker. Regelverket for dagpengar bør bli meir fleksibelt, og dei ønskjer 2000 nye tiltaksplassar. Auka tilskot til lærlingplassar og fleire offentlege lærlingplassar er også blant tiltaka som Arbeidarpartiet foreslår.

Grøn omstilling

Blant dei meir langsiktige tiltaka er auka støtte til prosjekt for fangst og lagring av CO2. Utforsking av ressursane i havrommet, og utvikling av produkt basert på bioråstoff.

– Vi har hatt ein samanhengande oppgang i 11 år. Det er unikt. No får vi ein nedgang, og for alle som blir råka blir det tøft, Det er ingen enkel veg ut av situasjonen vi no er inne i. No må vi brette opp skjorteermane, og gjere ein jobb på tvers av partigrenser. Tiltak må setjast inn, slår Magne Grimstad fast.