– Vi i Senterpartiet er opptekne av å ta vare på dei få grøne lungene som er igjen i sentrum. No har det vore stort fokus på fortetting av Ulsteinvik sentrum, men, dei grøne lungene som framleis står att, dei skal vi ha, seier Oddvar Gjerde og Aud Marit Sofie Wigg.

Dei er høvesvis 2. og 4.-kandidat på Ulstein Senterparti si liste til kommunevalet.

I Bjørndalsparken fekk ein for nokre år sidan opparbeidd ein parkeringsplass, då arbeidet med å utbetre og flaumsikre Vikelva blei gjort. Det var NVE som gjorde arbeidet, og trengde ein plass å setje maskinene sine og utstyret sitt.

– Så kom utbygginga av Sjøgata, både vegen og bygningsmassen, og då blei det bestemt å forlenge nytta av denne vesle parkeringsplassen. Både vi og Venstre tok opp dette temaet, og informerte om at ein eigentleg ikkje hadde spesielt stor nytte av desse totalt åtte parkeringsplassane. I ettertid såg vi at dei blei lite brukt av dei som skulle nytte dei, men i staden av heilt andre.

Gjerde fortel at også Fylkesmannen var i mot å nytte arealet som parkeringsplass vidare. I reguleringssamanheng skal heile området bak biblioteket opp til næraste bustadhus på oversida nyttast til parkområdet, og det er på høg tid at det blir nytta til nettopp dette igjen, meiner Gjerde.

– Her går skuleelevane til og frå skulen. Det kan vere ein tryggingsrisiko for dei mjuke trafikantane med ein trong parkeringsplass midt i eit område som eigentleg skal vere ein park.

– Tredje forlenginga

Nyleg søkte kulturkontoret, i samanheng med bygginga av Arena Ulstein, om ei forlenging av perioden denne delen av parken skal nyttast til parkering med to år.

– No er det tredje gongen ein forlenger det som i utgangspunktet berre skulle vere ei mellombels løysing. Då er det lett at dette blir ein permanent parkeringsplass. Kva blir det neste?, spør Aud Marit Sofie Wigg.

Gjerde og Wigg håper resten av det politiske Ulstein kan vere med på å sikre at Bjørndalsparken blir gjort heil igjen, og at dette området kan forvaltast som ein møteplass i sentrum, for born og vaksne.

– Det som er synd er at denne parken var aktivt i bruk for få år sidan. Her var ei velforeining som heitte Vikemyra Vel, som mellom anna laga til jonsokfeiring her kvart år. Så blei delar av parken brukt til parkering, og etter det har det vore stille rundt både jonsokfeiring og velforeininga, seier Aud Marit Sofie Wigg og legg til.

– Eg håper at dette ikkje blir eit av fleire eksempel på snikinnføring av fleire parkeringsplassar i Ulsteinvik.

Senterpartiet er også opptekne av at fleire syklar til jobb og skule, og meiner politikarane saman med administrasjonen i kommunen må legge til rette for sikre sykkelvegar.

– Det er både helsebringande, og ein avlastar parkeringsproblema. Vi har tilrettelagt for bilane, i staden for tilrettelegging for folk. Vi høyrer bussjåførar som klagar over kaoset som til tider oppstår i sentrum. Dette er ikkje haldbart. Lat oss få ha dei grøne lungene vi no har igjen i sentrum, seier Wigg og Gjerde.