Den 18. april 2013 vedtok Hareid kommunestyre å skipe Hareid parkeringsselskap, med ordførar Anders Riise som styreleiar. Etter stiftinga var det ein frist på tre månader for å registrere selskapet inn til Brønnøysundregisteret.

Rådmann Bent Arild Grytten sende inn registrering med dokument innan fristen, men registreringa vart ikkje godkjent. Generalforsamlinga skulle ikkje ha valt revisor, men gjeve styret slik fullmakt.

Tida gjekk, lite skjedde

Parkeringsselskapet fekk frist til 1. august 2013 til å gjere naudsynte vedtak i generalforsamling og styre om å avstå revisor, for å følgje aksjelova. Grytten hevdar at han fleire gonger tok dette opp med Riise. Om Riise gjennomførte møte og fekk naudsynte vedtak på plass skulle Grytten ta seg av innmeldinga til Brønnøysundregisteret, sjølv om det var midt i ferien. Men tida gjekk utan at noko skjedde. Føretaket vart nekta registrering etter at ventefristen gjekk ut, varslar Grytten.

Det tok fleire månader før naudsynt møte og papir var på plass. Selskapet vart heller ikkje godkjent andre gongen rådmannen registrerte det inn. Den viktigaste grunnen var at det hadde gått meir enn tre månader sidan føretaket var stifta.

Etter dette gav rådmannen opp å få registrert selskapet. Det vart henta inn ekstern hjelp, og selskapet vart registrert. Hareidsrådmannen har så funne ut at dette har blitt gjort ved å trikse med datoar. Han har difor meldt saka inn for kontrollutvalet.

– Dårleg dialog

Kontrollutvalet har sett på saka, i lag med ein advokat. Dei slår fast at saka ikkje har nokon stor dimensjon.

– Ved god munnleg dialog mellom styreleiar og rådmann ville ein truleg unngått forseinka registrering, skriv dei. Dei ser det har vore gjort feil, men meiner det ikkje er snakk om dokumentfalsk, heller overskriding av fullmakt.

Ugilde

Riise, Kristian Fuglseth og Perny Ann Nilsen vart funne ugilde då dei er, eller har vore, styremedlemer. Rådmannen måtte også tre ifrå.

Fleire kalla saka ei fillesak, men Annika Brandal (V) meinte det var ei alvorleg sak.

Mot Venstre sine tre røyster tok kommunestyret saksutgreiinga og opplysningane til vitande. Fristar burde vore overhalde, og kommunestyret burde ha fått tilbakemelding, men gjort er gjort.