Klokka tolv i dag (laurdag) gjekk det eit steinras på Gjøneset i Gjerdsvika (Sande kommune).

Ein del store steinar låg i vegen. Politiet rykte og og vegen vart stengt medan dei venta på vegmyndigheitene.

Klokka halv to var vegen rydda og han vart open for normal trafikk.