I august i år gjekk Bjarne Kvalsvik, som sit i samferdselsutvalet i Møre og Romsdal, ut i Vikebladet Vestposten og sa at Ulstein kommune bør vurdere å forskottere pengar for å sikre Hasundkrysset. Han sa at kommunen vil få att pengane frå fylket etter kvart, men at vurderinga vil gå om Ulstein har midlar til forskottering.

Kan ikkje forskottere pengar

Men på sist møte i Ulstein formannskap orienterte ordførar Jan Berset at han har vore i kontakt med Statens vegvesen. Vegvesenet svarar at dei ikkje opnar for at kommunen kan forskottere til trafikktryggingstiltak ved Hasundkrysset.