Ca. klokka 16.30 kolliderte to bilar like etter Dragsundbrua, på Herøysida. Den eine bilen kom i retning frå Herøy, den andre frå Ulsteinsida.

Både politi, ambulanse og brannbilar har rykt ut til staden.

Skadeomfanget er førebels ukjent.

Ein til sjukehus

Politiet opplyser at føraren av den eine bilen er transportert til legevakt. Den andre føreren er transportert til Volda sykehus i ambulanse.

Vegen vart opna for  ferdsel kl. 17.08.

Fråteken førarkortet

Politipatrulja på staden har oppretta sak.

Førerkortet til den eine sjåføren er kverrsett.