Hødd sitt damelag i fotball vann fortent 2-1 over Sunndal på Nye Høddvoll laurdag ettermiddag.

Hødd passerte dermed Sunndal og avanserte dermed frå 7.- til 6.-plass på tabellen og tok sin femte siger for sesongen. Med fem kampar igjen å spele er det 7 poeng ned til nedrykksplassane, som Volda og Verdal held med sine 8 poeng i botnen av tabellen. Hødd har heimekamp mot nettopp Volda komande onsdag.

Dagens Hødd-spelar vart Andrea Sævik, som sette inn begge måla for heimelaget. Ho var utan tvil Hødd sitt giftigaste angrepsvåpen i tillegg til driblesterke Siril Amalie Rusten.

Hødd stilte med fire 16-åringar frå avspark.

Etter at Sunndal alt etter 3 minutts spel hadde hatt den eine av sine to gode målsjansar, sende Sævik minuttet etter av garde eit skot frå 25 meters skrått hald. Ballen fauk over keeperen og inn i hjørnet. Ei like flott som overraskande skoring.

2-0 kom i det 25. minutt etter at Sævik hadde vorte spelt fri av lagveninne Marte Aarsand Vik. I mellomtida hadde Sævik hatt eit frispark i tverrliggaren og vore åleine med Sunndalskeeperen.

Like før pause fekk Sævik igjen sjansen etter førearbeid av Aarsund Vik, men Sunndal-keeperen redda.

I 2. omgang kom Sunndal meir med i kampen og hadde eit par bra tilløp i opningsminutta. I det 65. minuttet kom reduseringa v/ gjestane sin «stjernespelar» og kaptein Mari Berset Lien, som skaut via Hødd-keeper Amalie Brandal Kragset og i mål.

Like etter kunne Hødd sin venstreback Therese Holstad ha punktert kampen då ho skaut på heil volley frå kort hald på eit flott overlegg frå Andrea Sævik. Men utanfor.

Hødd-innbyttar Cecilia Bakke var nær ved å gi Hødd 3-1 i det 84. minutt etter eit raid av Astrid Oline Roppen. Like før slutt sette Hødd sin nye midtstoppar Merete Molvær Terøy inn ei viktig takling på Sunndals Berset Lien, som var på veg gjennom heimeforsvaret.

Og så ebba kampen ut og slitne Hødd-damer kunne juble over trepoengaren. Hødd vann også sjansestatistikken: 6-2.

KAMPFAKTA:

2.-div., damer, Nye Høddvoll, 5. sept.:

Hødd-Sunndal 2-1 (2-0)

Mål: 1-0 Andrea Sævik (4), 2-0 Andrea Sævik (25), 2-1 Mari Berset Lien (65).

Dommar: Dag Harald Moldskred, Hareid. God og roleg i ein fair kamp utan gule kort.

HØDD: Amalie Brandal Kragset, Astrid Oline Roppen, Merethe Molvær Terøy, Ingrid Måseide, Therese Holstad, Silje Holstad, Gro Elise Aksnes, Maria Emilia Skar, Siril Amalie Rusten, Julie Beitveit, Mari Heggen, Benedikte Nevstad, Marte Aarsand Vik, Andrea Helene Sævik.

Innbytte, Hødd: Andrine Nevstad i 35 min. for Silje Holstad – Cecilia Bakke i 15 min. for Andrea Sævik.

*** Andrea Sævik

** Marethe Molvær Terøy

* Siril Amalie Rusten