På landsplan er Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti ofte usamde i politiske spørsmål. I Ulstein kommune har Frp og KrF også vore ueinige i fleire saker. Men partia har funne middelvegar i fellesskap, mykje grunna tillit som har bygd seg opp over tid.

- Eg er audmjuk for den tilliten eg har fått. Vi har samarbeida godt i viktige saker tidlegare. Eg ser fram til å samarbeide med Knut Erik, seier Steinar Torvik.

- Eg er veldig glad for at det er Steinar som blir min makker. Vi har hatt eit godt samarbeid i kommunestyret. Eg opplever Steinar som veldig ryddig og skikkeleg på alle måtar. Dette trur eg skal gå veldig bra, seier Knut Erik Engh.

Fem parti samarbeider

Ulstein sin neste ordførar vil presisere at dette ikkje er ein politisk plattform.

- Det er eit valteknisk samarbeid, men det ligg ei formulering i avtalen om at dette vil bli eit samarbeid, mynta på gjensidig respekt for kvarandre. Det er ein godt ting, seier Engh.

For ein skal ikkje gløyme at dette er eit samarbeid mellom fem parti i Ulstein-politikken. På laget har Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti fått med seg Venstre, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti.

Til saman har dei fem partia 15 mandat, mot Høgre og Arbeidarpartiet sine 10. Likevel vil opposisjonen bli sterk dei neste fire åra, noko Engh og Torvik også seier seg einig i.

- De trur vel ikkje Arbeidarpartiet og Høgre no er heilt nøgde med korleis dette gjekk?

- Det er klart, dei hadde nok førestilt seg å vinne valet. Når dei ikkje gjer det, så blir dei sjølvsagt skuffa. Det som blir viktigast no, uansett, er at sjølv om vi blir i ulike leirar så kan vi samarbeide om dei viktige oppgåvene som står framføre oss. Vi har mange vanskelege oppgåver som skal løysast, seier Steinar Torvik.

- Eg er einig i det Steinar seier. Vi må stå samla for å møte ei tøff tid, seier Engh.

Betre samansetning

Knut Erik Engh meiner kommunestyret og formannskapet vil bli betre samansett enn det har vore under Jan Berset (H) si regjeringstid.

- Det blir betre samansett på den måten at ein ikkje berre har to parti som har reint fleirtal. Eg trur vi vil få til ein mykje meir dynamisk diskusjon i kommunestyret, der vi også får til gode samarbeid med Høgre og Arbeidarpartiet i dei sakene ein er einige i. Så finn vi fellesskap i andre saker med samarbeidspartia våre. Basert på dei siste fire åra har vi hatt mykje felles med KrF, Venstre og Senterpartiet, og vi ser fram til eit godt samarbeid, seier Engh avslutningsvis.

Ulstein sin nye ordførar og varaordførar, høvesvis Knut Erik Engh (t.h.) og Steinar Torvik, står her i front. Dei hadde med seg representantar frå eigne og dei andre partia på trappa utanfor Ulstein rådhus. Frå venstre ser vi for Ulstein Senterparti, Lisa Mari Breivik Anderson, Olav Sæter frå KrF, Alf Johan Antonsen frå FrP, Pål Grødahl frå Venstre og Johan Ottesen frå SV. (SV-leiar Morten Feiring var ikkje til stades når biletet blei teke.) Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.