Uavgjort i damenes første heimekamp

Kristina Meinseth stod for Hødd si einaste scoring. Foto: Andreas K. Rasmussen

Hødd styrte til tider kampen og kom til dei største sjansane. Likevel enda det med poengdeling på Høddvoll, laurdag formiddag.

Andreas  Rasmussen
Mobil: 90786823
Publisert: 17.04.2010 kl. 17:36
Endret: 17.04.2010 kl. 17:36

- Jentene jobba godt, men vi manglar ein skikkelig målscorar, var trenar Per Rune Tødenes sin kommentar etter kampen.

For det var foran mål det svikta for heimelaget. Hødd hadde fleire store sjansar som dei burde scora på. Aller nærast var Caroline Overvåg, som etter eit tverrliggarskot av Kristina Meinseth sette returen over opent mål. Sunndal var særs lite farlige og skapte få farlige situasjonar for Hødd. 0-0 til pause i ein omgang der Hødd var det beste laget.

I andre omgang heldt Hødd fram med å presse, men dei store sjansane lot vente på seg. Det vart difor ein solid kalddusj for damene når Vilde Veiset banka Sunndal i leiinga etter 65 minutt. Hødd kom likevel sterkt tilbake og fem minutt før slutt fekk Kristina Meinseth utlikna til 1-1.

Neste motstandar er Trondheims-Ørn komande søndag.

Les meir om kampen i papiravisa tysdag.

På forsiden nå

Song det heile i gong

I går kveld braka det laust med opningsshow og konsert med TenSing Norway, då VT-2012 endeleg gjekk av stabelen. Det vart ein kveld med mykje energifyld musikk, flinke ungdommar og god stemning. Les meir

Odden-cupen er i gang

Sluttspel i ettermiddag. Les meir

Braut seg inn på lensmannskontoret i natt

Sat på ein stol i resepsjonen då politiet kom. Les meir

Bibelen er framleis ein bestseljar

Bok&Media sitt hovudkontor kan fortelje at Bibel 2011 igjen er Noregs mest selde bok. Les meir