I august 2009 kom skroget frå det konkursråka verftet Karmsund Maritime Service. Laurdag blir det dåp for “Normand Ranger” og reiarlaget Solstad synest ferdiggjeringa ved Ulstein Verft har vore som å kome til “premier league”.
Endret: 22.04.2010 kl. 13:42
Det er vanskeleg å ta over eit halvfabrikert skip. Med skipet følgde eit sett dokument som var meir og mindre korrekt. Og der låg utfordringa vår. Vi måtte få kontroll på det som alt var gjort, og om det var gjort rett i høve til regelverket.
Prosjektleiar Runar Muren
Laurdag skal barnebarnet til Solstad-gründer Johannes Solstad vere gudmor for “Normand Ranger” ved Ulstein Verft. Ein ankerhandterar som fekk ein kronglete og vanskeleg start.
Skipet, som er designa av Wärtsilä Ship Design Norway, skulle byggjast ved Karmsund Maritime Service. Men verftet gjekk konkurs i mars i fjor, og etter litt forhandlingar vann Ulstein Verft kontrakten med GIEK og Sparebank 1 SR-Bank om å ferdigstille det store ankerhandteringsfartøyet for Solstad.
Uvanleg krevjande prosjekt
Runar Muren er prosjektleiaren til Ulstein Verft på “Normand Rover. Han slår fast at det har vore eit uvanleg krevjande prosjekt.
- Det er vanskeleg å ta over eit halvfabrikert skip. Med skipet følgde eit sett dokument som var meir og mindre korrekt. Og der låg utfordringa vår. Vi måtte få kontroll på det som alt var gjort, og om det var gjort rett i høve til regelverket.
Ei anna utfordring med å ta over ein båt frå eit konkursverft, var å få oversikt over kva leverandørar som framleis var med på prosjektet. Innkjøpsavdelinga ved Ulstein Verft hadde ein stor jobb med å resignere kontraktar ein periode.
– I dette tilfellet var det tre partar som skulle samspele: Ulstein Verft, bankalliansen, og Solstad Rederi, fortel Muren.
Har ressursar til å setje saman dyktige team
Eva Lande Rise har vore Ulstein Verft sin prosjektkoordinator. At ferdiggjeringa av “Normand Ranger” har gått så smertefritt meiner ho kjem av at Ulstein Group har ressursar til å setje saman team med høg kompetanse på alle fagområde.
– Vi har hatt stor nytte av konstruksjonsmiljøet ved verftet. Hadde vi ikkje hatt denne kompetansen, hadde det blitt vanskeleg å ta på seg dette oppdraget, slår Eva Lande Rise fast.
“Normand Ranger” er av typen VS 490 AHTS. Skipet er 92 meter langt, 22 meter breitt, er innreidd for 58 personar og har ei dødvekt på om lag 4500 tonn. For Ulstein Verft har kontrakten ein verdig på nærare 250 millionar kroner.
Overleveringa frå Ulstein til Solstad skal skje i månadsskiftet april/mai, og skipet har enno ikkje fått kontrakt. Det går derfor ut i spotmarknaden.
Tette band til Solstad
Ulstein Verft og Solstad har tette band frå før. Med 16–17 skip frå Ulstein er reiarlaget frå Karmsund storkunde hos Ulstein Verft. Leiinga i Solstad hadde derfor godt grunnlag for årets julehelsing til verftet i Ulsteinvik:
- At det vart Ulstein Verft som til slutt fekk oppdraget å byggje båten ferdig, var det beste som kunne skje med skroget. Å kome til Ulstein Verft var for oss som å kome til “premier league”, stod det i helsinga.
