Damien Hirst og superband til Flø

Gruppa “Apparatjik” med Magne Furuholmen skal spele i gymnastikksalen på Flø skule i juni i år. Foto: Studio

Damien Hirst og Magne Furuholmen sitt nye musikkprosjekt, “Apparatjik” blir to av godbitane under kunst-ivalen “Go With the Flø”.

Mobil: 90196171
Publisert: 23.04.2010 kl. 13:29
Endret: 23.04.2010 kl. 14:09

Kunst, musikk og mote skal sameinast på Flø laurdag 5. og søndag 6. juni. Studio Hugo Opdal arrangerer kunstivalen “Go With the Flø” i samarbeid med bygdefolket og Moods of Norway.

Med i gruppa “Apparatjik” er Magne Furuholmen fra A-ha, Guy Berryman fra Coldplay, Jonas Bjerre fra Mew og produsenten Martin Terefe.

Apparatjik har med seg ei spesialkonstruerte kube til Flø, der dei skal spele i gymnastikksalen på skulen.

Gruppa kom opprinneleg saman i samband med innspillinga av et veldedighetsalbum. Apparatjik spelte den første live-konsert i Berlin 1. februar i år, i samband med utgjevinga av detførste albumet deira, We Are Here.

Daimen Hirst

Den verdskjende kunstneren Damien Hirst stiller på Flø med kunstverk til ei utstilling som opnar same helga. Utstillinga er i samarbeid med Paul Stolper Gallery i London og blir open til ut i august.

Den mykje omdiskuterte briten blir av mange rekna som den største samtidskunstnaren i verda. Hirst har skapt furore blant anna med kunstverk av døde dyr - og fordi han har utfordra oppfatningane om kommersiell kunst.

Billetter til konserten med Apparatjik vil vere avgrensa. Detaljar om konserten vil kome etter kvart, opplyser gallerist Hugo Opdal.

På forsiden nå

Song det heile i gong

I går kveld braka det laust med opningsshow og konsert med TenSing Norway, då VT-2012 endeleg gjekk av stabelen. Det vart ein kveld med mykje energifyld musikk, flinke ungdommar og god stemning. Les meir

Odden-cupen er i gang

Sluttspel i ettermiddag. Les meir

Braut seg inn på lensmannskontoret i natt

Sat på ein stol i resepsjonen då politiet kom. Les meir

Bibelen er framleis ein bestseljar

Bok&Media sitt hovudkontor kan fortelje at Bibel 2011 igjen er Noregs mest selde bok. Les meir