Abid Q. Raja kjem til Ulsteinvik

Abid Q. Raja skal halde foredrag i Ulsteinvik 19. og 20. mai. Foto: Erik Johansen/Scanpix

Den kjende venstrepolitikaren, advokaten og leiaren i Utlendingsnemnda, Abid Q. Raja, kjem til Ulsteinvik 19. og 20. mai.

Iselin Nevstad Øvrelid
Mobil: 93202485
Publisert: 07.05.2010 kl. 11:26
Endret: 07.05.2010 kl. 11:29

Det er Søre Sunnmøre mottak i samarbeid med Volda mottak og Ulstein kommune som har lukkast å få Raja til Ulsteinvik.

Han skal både halde foredrag til mannlege bebuarar ved mottaket i Volda og Ulsteinvik, busette innvandrarar frå Ulstein kommune og for dei tilsette ved asylmottaka og samarbeidspartnarane deira.

Temaet for foredraget vert det norske kvinnesynet i samfunnet generelt, men også innanfor familiane.

Eit tema som også kjem på dagsorden er vald i nære relasjonar, æresomgrepet og kva det tyder i Noreg i motsetnad til mange ikkje-vestlege land.

Namnet på foredraget vert “Integreringsutfordringar i dagens Noreg- openheit som nøkkel til dialog

På forsiden nå

Song det heile i gong

I går kveld braka det laust med opningsshow og konsert med TenSing Norway, då VT-2012 endeleg gjekk av stabelen. Det vart ein kveld med mykje energifyld musikk, flinke ungdommar og god stemning. Les meir

Odden-cupen er i gang

Sluttspel i ettermiddag. Les meir

Braut seg inn på lensmannskontoret i natt

Sat på ein stol i resepsjonen då politiet kom. Les meir

Bibelen er framleis ein bestseljar

Bok&Media sitt hovudkontor kan fortelje at Bibel 2011 igjen er Noregs mest selde bok. Les meir