Populære artistar står på scena når Vanylvsfestivalen vert arrangert 9. og 10. juli.
Tidlegare er det offentleggjort at både Hellbillies og Donkeyboy kjem til Vanylvsfestivalen i år, saman med Chand og Sie Gubba.
Vanylvsfestivalen på Eidså er ein av dei få stadane på nordvestlandet som Hellbillies skal innom når dei no reiser ut på ny turne og med ny plate.
I år vert det også gjensyn med svenske Johan Piribauer som var på besøk i 2008 og danske Michelle Birkballe med band som var i Vanylven i 2009.
- Artistane sjølve, som til vanleg er på turné i heimlanda, er ikkje vanskelege å be tilbake til dei sunnmørske omgjevnadane.Det er dette som er essensen i Vanylvsfestivalen. Her møter du nokre av dei største artistane i Norge, Sverige og Danmark, seier pressesjef Ane Malene Søvik Nygård i ei pressemelding.
Nytt er det at også Peter Viskinde skal spele på Vanylvsfestivalen. Mange kjenner han kanskje frå det danske rockebandet Big Fat Snake, men kjem til festivalen saman med eige band.
Det vil også vere regionale band under festivalen. Red Roosters frå Volda skal på scena saman med Dina Misund frå Nord-Møre. Sistnevnte har opplevd eit gjennombrot etter å ha vunne den nettbaserte Studio X-konkurransa, der 700 deltok og 1 milliion stemte på bidraga. Låta "I know" vil nok fleire kjenne igjen etter at den har vorte spelt jamnleg på radio etter opptreden på X-faktor finalen.
Som tidlegare, er laurdag føremiddag spesielt for born og unge. I år skal Sirkus Pilar underhalde publikum. Sergio Pilar er ein profesjonell sirkusartist som er utdanna i Rio de Janeiro og har ei brei utdanning innan sirkusativitetar med alt frå avansert sjonglering, halsbrekkande akrobatikk, spetakulære flammeshow, morosame klovneframsyningar og iaugefallande høge menn.
- Vanylvsfestivalen set god musikk og familie i sentrum, alle aldrar finn noko å gle seg til. Fotball-entusiastar har ingen grunn til å sitte heime, bronsefinalen i VM vil bli vist på storskjerm og Jan Åge Fjørtoft er festivalen sin faste konferansier, avsluttar Ane Malene Søvik Nygård.
