Ulstein Trekkspelklubb og Ulstein Mannskor samarbeidar

Ulstein Mannskor (på bildet) skal samarbeide med Ulstein Trekkspelklubb under Trebaatfestivalen. Foto: Arkiv

Den relativt nystarta Ulstein Trekkspelklubb skal samarbeide med det legendariske Ulstein Mannskor under Trebaatfestivalen i august.

Det som dei også håper kan bli eit fruktbart samarbeid, skal foregå på utescena fredag 20. august under Trebaatfestivalen, ved Blåhuset.

Der skal Mannskoret og Trekkspelklubben framføre 4 såkalla ”shantysongar”. Dette er muntre og rytmiske songar som gjerne har tilknytning til kyst og sjø, og som sjøfolka på seglskipa før i tida song medan dei utførte hardt arbeid.

Ulstein Trekkspelklubb vart etablert i 2009, og er eit av dei siste skotet på kulturstamma i Ulsteinvik. Dei har allereie markert seg som røynde musikarar. Ulstein Trekkspelklubb fekk nemleg 2.plassen i kategorien ”underholdningsmusikk” på distriktsmeisterskapen i trekkspel, som vart arrangert Molde tidligare i år. Trekkspelklubben har for tida 12 medlemmar der i blant 6 vaksne.

Ulstein Trekkspelklubb skal også spele på fleire andre arrangement på Trebaatfestivalen også, og er no i full gang med å øve inn eit flott repetoar til desse dagane i august.

Det no 126 år gamle koret Ulstein Mannskor med dirigent Robert Skeide i spissen, skal synge saman med den nystarta trekkspelklubben. Dei 30 songglade karane i Ulstein Mannskor er velkjende, har solid røynsle, og har synge ”shantysongar” ved fleire anledningar. Ulstein Mannskor, som også har gjeve ut CD’en ”I storm og strid” har etterkvart etablert seg som bli eit av dei mest erfarne kora i området. Med dei djupe og fagre røystene til karane, syng dei med stor innleving og ære, når dei framfører repetoaret sitt.

- Vi er svært glade for at Ulstein Trekkspelklubb og Ulstein Mannskor har fått til eit slikt flott samarbeid. Vi har sidan vi starta festivalen for 5 år sidan ynskt å få til enda meir tradisjonell og lokal tilhøringheit på festivalen, seier Tom Henrik Muggerud i Trebaatfestivalen i ei pressemelding.

– Det er midt i blinken for oss at desse to aktørane no ynskjer være med på festivalen, Dette bidreg til å gi festivalen enda meir kulturell tyngde, og gje publikum ei flott innføring i musikalsk kystkultur, seier presseansvarlig Tom Henrik Muggerud, i Trebaatfestivalen i Ulsteinvik.

På forsiden nå

Song det heile i gong

I går kveld braka det laust med opningsshow og konsert med TenSing Norway, då VT-2012 endeleg gjekk av stabelen. Det vart ein kveld med mykje energifyld musikk, flinke ungdommar og god stemning. Les meir

Odden-cupen er i gang

Sluttspel i ettermiddag. Les meir

Braut seg inn på lensmannskontoret i natt

Sat på ein stol i resepsjonen då politiet kom. Les meir

Bibelen er framleis ein bestseljar

Bok&Media sitt hovudkontor kan fortelje at Bibel 2011 igjen er Noregs mest selde bok. Les meir