Open dag på Ulsteinvik vandrarheim

Tysdag 29. juni har vandrarheimen ope hus.

Vikebladet Vestposten
Publisert: 23.06.2010 kl. 10:34
Endret: 23.06.2010 kl. 10:35

I år er organisasjonen Norske Vandrerhjem 80 år og for å feire dette vil Ulstienvik vandrarheim be inn alle unge og gamle til å kome på besøk.

Norske Vandrerhjem er ein overnattings- og medlemsorganisasjon, som er en del av det internasjonale nettverket Hostelling International. I Noreg er det over 80 vandrarheim frå nord til sør. Vandrarheimane er både i byar, på fjellet eller ved sjøen.

På den opne dagen vil det bli servert gratis sveler og kaffi til alle som stikk innom. Det vil også bli høve til ei omvising på huset for dei som ville ønskje det!

Norske Vandrerhjem har også fiksa ei bursdagsgåve til alle som blir med på feiringa!

På forsiden nå

Jenter får ny sjanse til kreftvaksine

Dei jentene som gjekk ut av sjuande klasse i fjor utan å vaksinere seg mot livmorhalskreft, får tilbod om å gjere det i år. Les meir

Indresøvde pensjonerer seg

Teknisk sjef i Ulstein kommune planlegg å pensjonere seg. Les meir

August vart varmaste sommarmånad

16,0 grader i middeltemperatur. Les meir

Kor-oppleving i Herøy kyrkje

Svartehavets Don Kosakk Kor på ny sunnmørsvitjing. Les meir