Speidarar frå Hjørungavåg, Hareid og Ulstein har vore med på å setje preg på KFUK KFUM sin landsleir på Lista som går føre seg denne veka.
Endret: 07.07.2010 kl. 15:43
Om lag 5000 speidarar frå 14 land er med på årets landsleir som denne veka går føre seg på Lista i Farsund kommune. Ulsteinspeidarane er med sine 81 deltakarar mellom dei aller største gruppene som deltek på leiren.
Sørlandet har denne sommaren opplevd ei av dei verste tørkeperiodene på 40 år. Dette har gitt restriksjonar på bruk av open eld. Noko særleg med bålbrenning har det difor ikkje blitt, anna enn det som har vore naudsynt i samband med matlaging. Men at veret på Lista er svært skiftande fekk speidarane oppleve natt til måndag. Då rauk det opp eit ofseleg regnvér med kraftig vind. Det gjekk ikkje betre til enn at eit av telta til Ulsteinspeidarane rimna og dei som budde i det måtte finne ly hjå sine medspeidarar. Elles har det vore lite dramatikk så langt.
- Vi har med veldig mange i leiargruppa, både vaksne og ungdom over 18 år. Når leiaroppgåvene er fordelt på så mange, vert det ikkje så hektisk for den einskilde, meiner gruppeleiar for Ulsteinspeidarane, Liv Osnes Dalbakken.
Kompetansebyggjing
Det siste året har speidararbeidet vore drive med landsleiren på Lista for auget.
– Vi har køyrt ulike opplegg retta mot denne leiren, mellom anna har vi arbeidd medvite med å betre speidarkompetansen, fortel Osnes Dalbakken.
Kompetansen til ulsteinspeidarane har mellom anna gitt seg utslag i eit gedigent langbord med sitjeplass til alle dei 81 deltakarane, i all hovudsak konstruert ved hjelp av tau og trestokkar. Dei fleste speidarane kom til Lista med felles buss laurdag morgon. Etter framkomsten var det å setje i gang arbeidet med å byggje opp leiren. I tillegg til å setje opp telt og byggje det før nemnde langbordet, har speidargruppa frå Ulstein også sett opp ein svær portal med integrert kokeavdeling og dusj.
”Grønn Action”
Mottoet for årets speidarleir ar ”Grønn Action”. Leiren er den første speidarleiren som har fått Miljøfyrtårn-sertifisering. Speidarane deltek på mange aktivitetar som er knytt opp til miljøvern, mellom anna bygging av vindmøller og sortering av avfall. Elles er det både bibeltimar, konsertar, turneringar og mykje anna å vere med på. Tysdag og onsdag var speidarane på haik, ei vandring med overnatting under open himmel.
