Nominert til Årets Skip 2010

Oceanic Vega representerer ein ny generasjon seismikkskip med X-Bow og tauepunkt for 20 streamere. Foto: Iselin Nevstad Øvrelid

Seismikk- og forskingsskipet Oceanic Vega frå Ulstein er nominert til Årets Skip av magasinet Skipsrevyen.

Vikebladet Vestposten
Publisert: 09.07.2010 kl. 10:09
Endret: 09.07.2010 kl. 13:15

- Juryen gler seg over at det også i år står mellom fleire spennande og innovative design. Avgjersla fell om cirka tre veker, seier jurymedlem Asle Strønen.

Tildelinga skjer på SMM-messa i Hamburg 8. september. Det er femte år på rad at eit skip levert frå Ulstein Verft blir nominert til Årets Skip. Tre fartøy frå Ulstein Verft har tidlegare vorte heidra som ”Årets Skip”.

Eit krav for å bli nominert er at skipet er norskdesigna, norsk bygd og eigd av eit norsk reiarlag. Oceanic Vega er designa av Ulstein Design & Solutions i Ulsteinvik, bygd av Ulstein Verft i Ulsteinvik/Vanylven, og er eigd av Eidesvik Seismic Vessels, som er majoritetseigd av Eidesvik Offshore på Bømlo.

På forsiden nå

Song det heile i gong

I går kveld braka det laust med opningsshow og konsert med TenSing Norway, då VT-2012 endeleg gjekk av stabelen. Det vart ein kveld med mykje energifyld musikk, flinke ungdommar og god stemning. Les meir

Odden-cupen er i gang

Sluttspel i ettermiddag. Les meir

Braut seg inn på lensmannskontoret i natt

Sat på ein stol i resepsjonen då politiet kom. Les meir

Bibelen er framleis ein bestseljar

Bok&Media sitt hovudkontor kan fortelje at Bibel 2011 igjen er Noregs mest selde bok. Les meir