Sunnmørs-reportasje i amerikansk avis

Runde var naturlegvis på lista over stadar som skulle besøkast på Sunnmøre
Foto: Leiv Arne Grimstad (arkiv)
Runde var naturlegvis på lista over stadar som skulle besøkast på Sunnmøre Foto: Leiv Arne Grimstad (arkiv)

Avisa the Roanoke Times, som held til i Virginia i USA, har vore på reise på Søre Sunnmøre og laga reportasje frå turen.

Marius Myklebust
Publisert: 13.07.2010 kl. 11:17
Endret: 13.07.2010 kl. 11:23

I Artikkelen kan vi mellom anna lese om Hareid, Kvitneset og Runde. Journalisten har besøkt store delar av Vest-Norge, inkludert Geiranger, Ålesund og Bergen. Men det er altså øyene på Ytre Søre som er hovudfokus for artikkelen.

Stadane som blir omtalt i artikkelen, er Hareid, Kvitneset og Runde. Ei leigd hytte på Kvitneset var overnattingsstad for journalisten medan han var her.

Frå Kvitneset får vi høyre om krigshistoria til staden, bygda som ein gong låg her og, som alltid, den vakre naturen.

Hareid blir omtalt som sjarmerande og enkelt - "med berre ein kafé og ein pizzarestaurant."

På lundefugl-jakt på Runde
Fugleøya Runde er tildelt mykje spalteplass i artikkelen - av naturlege årsaker. Her var det store målet å få sjå lundefugl (puffin på engelsk), som dei lukkast med på ein kveldstur til lundeura.

Vinklinga for reportasjen er det ein kan kalle klassisk for ei reisereportasje frå utkant-Norge. Her får vi høyre om "the slow pace of life" og "Norway's remoteness".
- Det føltes som å vere på verdas ende, skriv forfattaren om ein kveldstur der han såg sola gå ned i havet ved Runde.

The Roanoke Times er ei dagsavis som kjem ut i den sør-vestre delen av delstaten Virginia i USA. I avisa sitt dekningsområde ligg mellom anna det kjende universitetet Virginia Tech. Avisa har eit opplag på i underkant av 100.000 eksemplar.

Reportasjen kan du lese her.

Kvitneset i Brandal er ein av staden det skjer ting under Naturfestivalen Foto: Leiv Arne Grimstad (arkiv)
Målet for turen til Runde var å få sjå lundefugl - noko amerikanarane lukkast med. Foto: Marthe B. Kvalsvik (arkiv)

På forsiden nå

Song det heile i gong

I går kveld braka det laust med opningsshow og konsert med TenSing Norway, då VT-2012 endeleg gjekk av stabelen. Det vart ein kveld med mykje energifyld musikk, flinke ungdommar og god stemning. Les meir

Odden-cupen er i gang

Sluttspel i ettermiddag. Les meir

Braut seg inn på lensmannskontoret i natt

Sat på ein stol i resepsjonen då politiet kom. Les meir

Bibelen er framleis ein bestseljar

Bok&Media sitt hovudkontor kan fortelje at Bibel 2011 igjen er Noregs mest selde bok. Les meir