Fleire hanar i sommartrafikken

Ser du denne hanen langs vegen i sommar, kan du få oppleve gardsmat eller bygdeturisme i nærleiken. Foto: Ole Jonny Trangsrud

(NPK): I sommar vil du truleg sjå fleire vegskilt med det brune hanesymbolet på enn tidlegare.

Marius Myklebust
Mobil: 48125272
Publisert: 13.07.2010 kl. 20:30
Endret: 13.07.2010 kl. 15:51

Haneskiltet er eit offentleg vegskiltsymbol for gardsmat og bygdeturisme. Skiltet kom i 2005 og viser veg til overnattings- og serveringsstader, aktivitetar og gardsbutikkar.

– Vi er svært glade for at stadig fleire bedrifter søkjer og tar dette skiltsymbolet i bruk. God og effektiv skilting er ein viktig del av arbeidet med å gjere dei mange spennande bedriftene rundt om i Bygde-Noreg lettare tilgjengelege, seier styreleiar i Hanen Jan Tjosås til Norges Bondelag sine nettsider.

Det er 136 verksemder i Bygde-Noreg som har løyve til å bruke skiltsymbolet med den brune hanen. Organisasjonen Hanen organiserer bygdeturisme, gardsmat og innlandsfiske i Noreg, og er dei som godkjenner kva for bedrifter som kan bruke det offentlege skiltsymbolet.

Meir informasjon om skiltinga med den brune hanen og om alle dei nærmare 500 hanemerkte bedriftene kan ein finne på www.hanen.no. (©NPK)

På forsiden nå

Jenter får ny sjanse til kreftvaksine

Dei jentene som gjekk ut av sjuande klasse i fjor utan å vaksinere seg mot livmorhalskreft, får tilbod om å gjere det i år. Les meir

Indresøvde pensjonerer seg

Teknisk sjef i Ulstein kommune planlegg å pensjonere seg. Les meir

August vart varmaste sommarmånad

16,0 grader i middeltemperatur. Les meir

Kor-oppleving i Herøy kyrkje

Svartehavets Don Kosakk Kor på ny sunnmørsvitjing. Les meir