Ein elev kan få ein 6-ar ved ein skule og ein 4-ar ved ein annan med same kunnskap.
Endret: 26.07.2010 kl. 12:00
Det skriv NRK Hordaland.
Årsaka er at det manglar faste retningslinjer for korleis ein skal sette standpunktkarakterar.
– Det som er det verste er at du kan ha same kompetanse som ein annan elev, men du kjem ikkje inn på førstevalet. Og etter kvart finn du ut at den eleven som kom inn har høgare karaktersnitt enn deg. Då får ein sur smak i munnen, seier Marcus Irgens, leiar i Elevorganisasjonen i Bergen, til NRK Hordaland.
I ein fersk rapport frå forskingsinstituttet Nifu-Step kjem det fram at lover og forskrifter ikkje sikrar elevane lik vurdering. Til det er ikkje lovverket konkret nok står det i rapporten.
– Opplæringslova skildrar i mykje større grad forhold rundt eksamen. Regelverket i forhold til standpunkt er mykje meir utydeleg, seier professor og forskar ved Nifu-Step Jorunn Spord Borgen.
Lærarane etterlyser klarare retningslinjer, men Utdanningsdirektoratet har førebels ikkje planar om å utarbeide felles retningslinjer.
– Me håpar at ei fireårig satsing på vurdering skal gjere lærarane tryggare, seier avdelingsdirektør Siv Hilde Lindstrøm i Utdanningsdirektoratet. (©NPK)
