Endret: 30.08.2010 kl. 12:19
Det er mange år sidan Hareid Fastlandssamband vart skipa. Sidan 1986 har kommunane i lag med Sparebanken Møre arbeidd for å få gjennomført sambandet. Men dei har ikkje hatt all verda med pengar å rutte med.
Ville ha med næringslivet
På generalforsamlinga i Hareid Fastlandssamband i mai i år vart det vedteke at det skulle arbeidast for eit felles møte med næringslivet for å styrke selskapet både økonomisk og næringslivet skulle gå breiare inn i selskapet. Dette møtet vart halde 2. juli i sommar. Der vart sett ned ei arbeidsgruppe for å arbeide vidare med emisjonen. Den tidlegare aksjekapitalen blir ståande som innskoten kapital.
Alle kommunane på Sunnmøre blir invitert til å skyte inn ti kroner for kvar innbyggjar dei har, i tillegg får dei største næringane på Sunnmøre innbeding om å bidra.
Viktig for mange
Gunvor Ulstein har vore leiar for arbeidsgruppa. No er ho utolmodig med å få på plass sambandet. Det er vedteke mange fråsegner og støtteerklæringar frå mange hald, men no er det tid for handling. Dette er eit viktig samband å få på plass, både for næringslivet på Ytre Søre Sunnmøre, men òg vidare sørover i regionen som i Ørsta go Volda. Og dei har òg kommunane nordover med seg på laget. Onsdag 18. august 2010 gjorde Ålesund formannskap eit vedtak om at Hareid fastlandssamband er eit samband som må prioriterast på topp. Dei ser sambandet som utruleg viktig for å styrke den næringsmessige og bustadmessige aksen mellom Ålesundregionen og Søre Sunnmøre.
Kunnskapssambandet
Ulstein meiner sambandet er viktig for heile regionen. Fastlandssamband gjer det enklare for den maritime industrien og høgskulemiljøet i Ålesund å samarbeide. Dei kan nytte professorar frå Høgskulen, og dei kan dra nytte av at det er kort veg til næringane dei underviser om.
– Ja, dei kan teoretisk sett setje seg på ferja og ete svele. Men det er mykje lettare når ein slepp å ta omsyn til desse ferjetidene, seier Ulstein.
Ikkje sjeldan opplever reisande som kjem med fly til Vigra å miste siste hurtigbåten til Hareid. Det er ikkje kjekt, særleg ikkje om ein reiser med små born.
– Med fastlandssamband vil det ta ein halv time å køyre frå Vigra til Hareid, skyt styreleiar i Hareid Fastlandssamband, Hans Gisle Holstad, inn.
Gunvor Ulstein presiserer at Hovden lufthamn er viktig flyplass for næringslivet for innanlandsflyging, men Vigra er viktig for å få å utanlands.
Både hareidsordføraren og industrileiaren ser det som viktig med nær tilknyting til bysentrum for å skaffe den beste arbeidskrafta. Ålesund kan by på fleire kulturelle tilbod og butikkar.
Kjappare med Ålesund på laget
Gunvor Ulstein er veldig glad for at Hareid fastlandssamband har Ålesund med på laget. Ho trur at noko av grunnen til at det gjekk så lang tid før Eiksundsambandet kom, var at Ålesund ikkje ivra for sambandet. Det gjer dei for Hareid fastlandssamband.
Tung lovnad
– Eg har jo lovd faderen at han skal få køyre gjennom sambandet, det er ein tung lovnad. Men eg ønskjer at industrigründerane her ute skal få oppleve dette framsteget for industrien, varslar Ulstein som håpar at Hareid fastlandssamband er på plass innan 2020.
Tunnelen er kostnadsrekna til 5 milliardar kroner og vil bli dobbelt så djup som Eiksundtunnelen, som førebels er verdas djupaste undersjøiske tunnel.
– Fagfolk seier det skal gå, seier styreleiaren.
Den 15. oktober blir det halde generalforsamling i det “nye” Hareid Fastlandssamband. Og stillinga som dagleg leiar i 50 prosent blir lyst ut så snart som råd.
